Norske veggiser: Daniel i Horten

Daniel bor i Horten og er født i 1994. Han har vært vegetarianer siden 2012 og ønsker nå å bli veganer.



Til dagleg held eg på å søkja jobb, og er aktiv i Vestfold Grøn Ungdom. Dessutan er eg veldig glad i å skriva.
Før eg blei vegetarianer beundra eg dei som var det. Eg var så glad i kjøttmat at eg difor ikkje ville setja meg inn i kvifor ein burde slutta med det. Men eg hugsar at eg var veldig nyfiken på maten til dei vegetarianarane eg møtte, og ofte stilte mange spørsmål. Då eg var liten trudde eg nok ikkje at eg kom til å bli vegetarianar sjølv, men eg tenkte at eg skulle ynskje at kjøtt ikkje var laga av dyr. Eg såg veldig opp til dei som hadde kutta det ut.
Då eg fyrst hadde bestemt meg for å bli vegetarianar var grunnane for å bli vegan akkurat dei same. Det å laga mat vart generelt meir interessant når eg byrja å laga han vegan, og nesten all slags ferdigmat forsvann frå kosthaldet - noko som er eit bonus, når det kjem til helsa.
Tre retter jeg ikke kan leve uten: Pizza med sjampinjong, skvosj, soltørka tomat, artisjokk og masse anna stilig, nøtte/linse-steik og sjølvsagt brødskiver med avokado og tomat til frukost (og masse sitronpepper).
Eg går ikkje med skinn av di eg har teke avstand frå måten å utnytta andre dyr på, i det samfunnet me bur i no. Å kjøpa eit resultat av slakt for å putta i munnen eller for å ha kring beina, er ganske likt i hovudet mitt. Når eg fyrst har teke avstand frå den prosessen som dei forskjellege dyra går gjennom, vil eg ikkje støtta det med pengar på korkje den eine eller den andre måten. Eg ville heller ikkje kjøpt det brukt, av di det er ekkelt å ha på seg.
Eg vart inspirert til å bli veganar då ei eg kjende som var veganar byrja å snakka om kor kjipt det var for kua å stå i ein bås, medan eg drakk ein kartong med mjølk. Eg kjøpte alltid heilmjølk før eg gjekk på møte, det hadde vorte tradisjon. Neste gong kjøpte eg soyamjølk i staden. Eg likte tanken på at eg kunne bytta ut ting på denne måten. Dessutan var dette på den tida då eg las artiklar frå Noah heile tida. Det gjorde at kvar gong me hadde kjøtt til middag, så tenkte eg at eg har lyst til å slutta med det ein gong. Etter eg såg Earthlings, bestemte eg meg for å byrja å boikotta dyreprodukt med ein gong.
På kjøkkenet mitt er eg avhengig av urtesalt. Det har eg i nesten absolutt alt, så og sei uansett kva det er for noko. Dessutan er eg veldig glad i å ha Tika Masala eller sursøt saus i skapet, som eg alltid har når eg lagar wok. Eg har generelt alltid vore glad i masse krydder. Spesielt sterke ting, som chili. Eg heller chilisaus i nesten alt eg lagar.
Når eg er lat steiker eg opp masse pomfri i ovnen og har det til middag saman med noko salat.
Den vanlegaste misoppfatninga om vegetarmat er at det kun inneheld salat. Ofte seier folk - sjølv om dei eter vegetarmat vel så ofte utan å tenkja over det - "men kva i all verda kan ein eta viss ein ikkje eter kjøtt og fisk?!" Dette til og med medan dei sjølv held på å fortæra eit måltid som korkje inneheld kjøtt eller fisk. Eg seier som regel at eg riktig nok har lukka eit par dører, men at eg har opna endå fleire nye - og at eg har eit meir spanande kosthald no enn eg hadde før.
Det irriterer meg når folk som ikkje er vegetarianarar (eller veganarar for den saks skuld) er heilt einig med meg i at kjøttindustrien er grusam, men allikevel kjøper maten deira kvar einaste dag av di det er så innmari "godt". Det får det til å verka som om begjæret er mykje større enn medkjensla deira. Det er aller verst når det er gode vener av meg, som eg gjerne vil sjå på som sympatiske folk.



Har du en kommentar?

Navn (vises)
E-post (vises ikke)
Lagre dette til neste besøk?
I BUTIKKEN

 
Alt innhold © Norsk Vegetarforening og/eller andre informasjonsleverandører. Om oss | kontaktinfo.