Retina wrote on 01. Sep 2012 at 10:57:
Tenk på indianerene før i tiden som ba for dyret etter det ble slaktet og takket for at de fikk spise det. Er ikke mye igjen av det i verden..
Eg sang i alle fall "velsign vår mat, å gud" kvar skuledag, men det ga ikkje grisen mellom brødskivene livet tilbake, ei eller eit verdig liv... Utan å kome for langt ut på jordet så trur eg dei gjorde det fordi dei innerst inne visste at det var feil. I dag kan vi lett velge annleis, og då blir det å empatisere for dyra vi har valgt å drepe eit hykleri.
Meininga mi om ordet
dyrehald er at vi burde bytta det ut med
dyrebruk, då det faktisk kun er fordi dei har ein bruksverdi at vi har dei som husdyr i det heile. Om det er vanskeleg å forhalde seg til etikken i eige arbeid er det i grunnen best å la vere. Difor skal eg ikkje jobbe på eit slakteri nokon gong igjen, og difor skal eg ikkje jobbe med dyr som blir utnytta på nokon som helst slags måte. Å bidra til, og profittere på dyreliding (harde ord, men det er jo sanninga) vil eg aldri sjå på som greit.
Til problemet med at kjøtindustrien vil mette marknaden uansett: Når alt kjem til alt må jo du òg sjå på dyra som ei inntektskjelde, med mindre du som sagt vil gå konkurs. Sjølvsagt er det store forskjellar i velferda til dyra, men i prinsippet tykkjer eg det er feil uansett. Eg er usikker på kor mykje vi skal hylle økologisk dyrehald, overbevis meg gjerne, men det vil unekteleg bidra til ei viss oppfatting om at ein type utnytting av dyr er "greit".